Velkommen til Sagi
[Hjem] [Nyheter] [Sameiet Sagi] [Grustaket] [Kalender] [Sagi Helten] [Historie] [Galleri]
 


Historie





Talen som Endre Wannberg holdt på slektstreffet på Sagi 20 juni 2009

Slektssamling for Wannberg slektå 20 juni 2009

Eg skal kort summera opp opphavet til Wannbergane

Gustav og Marie og Ingeborg og Johan.
Gustav og Johan var svenskar som kom til Norge på 1920 talet , slutten av første verdenskrig.

Vonde tunger vil ha det til at dei reiste til Norge for å sleppa militærtjenesten i Sverige. Det har eg vanskeleg for å tru, men det var kaotiske politiske tilstander mot slutten av krigen i Sverige. Kanskje det var bedre arbeidsforhold i Noreg.

Gustav kom først til Vestlandet. Han reiste truleg med tog til Narvik, og med båt til Haugalandet. Og pappsen starta 2-3 år seinare frå Sverige. Og stoppa på Østlandet og var med på skogsarbeid i ein av dalane der. Gustav lokka med at det var gode penger å tjena på sildefiske på Utsira, dette frista 20 åringen, kanskje også brorsfølesen, me har altid forstått at det var eit godt samarbeid mellom brødrene. Dei arbeide møkje ilag om arbeid så som nydyrkningsarbeid, anleggsarbeid. Onkel Gustav hadde vore med på anleggsarbeid før han reiste frå Sverige.

Dei var flinke og ærlige arbeiere, og dei vart spesialistar på muring med naturstein, og det er mange minner etter dei. Hemmingstad i Haugesund, Veim i Tysvær og her i Skjold Liaheia, Beitå i Smedsvik, Bensinstasjonen til Torvald Langeland i Skjoldavik og kyrkjegardsmuren mot riksvegen, og mange husmurar. Ikkje gravemaskiner ikkje elektrisitet alt måtte gjerast med spa-slegge- spett og steinbukk.

Statens Vegvesen vart også ein god arbeidsplass, med Basjobbar både på anlegg og Sprengningsarbeid. Onkel Gustav omkom ved ei sprengningsulukke i 1947, og tante Marie dreiv garden åleine til Leif Jonny overtok.

Under krigen var pappa bas for uttak av glimmer på Skrubbahaugen, det har han attest på. Sikkert den einaste attesten han fekk, det var ikkje vanleg å be om attest for utført arbeid.

Dei to unge svenskane trur eg var godt likte blant jentene i Skjold og dei budde på Nonhaug på Gulhaug. Pappsen vart gift med Ingeborg i 1928 og budde i Skjoldavik det første året, dei kjøpte Sagi der dei dreiv butikk, post og Telefonstasjon.

Ingeborg var skreddar i herresaum. Hu fortalde at på søndagane var det nærmast plikt å gå til kyrkje, hu var mest interessert i korleis saumen var på dressjakkene, så hu fekk lite med seg av preiketeksten.

På brurebilete til Ingeborg og Johan ser me at Gustav og tante Karina var forlovare, og me ser dei ilag på fleire bilete, eg trur at det ikkje bare er tilfeldighet.

Marie stelte for Gustav når han budde på Nonhaug, og hu viste at vegen til hjarta går gjennom magen. Hu stelte godt med han. Dei kjøpte bureisningparasell på Liaheia å starta som bureisar. Tenk å starta frå steiner og våt myr og laga dette til dyrka mark. Bygde løe og våningshus, eg trur at dei budde i eit gamalt hønsehus mens dei bygde opp gardshusa.

Dei gifte seg i 1937, og me ungane var glad for at me nå kunne kalla Marie for TANTE Marie.

Lukke til med dagen!


Sagi Poståpneri

Sagi poståpneri med postnummer; 5566 SAGI lå i kjelleren på huset som Bjørg og Sigmund nå eier. Det ble drevet av Ingeborg Lovise Wannberg (f. 1903) og ble opprettet 1.7.1951 istedet for det tidligere brevhus. Ved etablering av nye poststedsgrupper ble poståpneriet fra 1.11.1973 benevnt underpostkontor. Poståpneriet 5566 SAGI ble lagt ned fra 1.6.1974.


Kaien bygges